Silver Bells

Silver Bells
Song av Bing Crosby & Carol Richards med John Scott Trotter and His Orchestra
Utgjeve Oktober 1950
Sjanger Julesong
Komponist Jay Livingston, Ray Evans
Tekstforfattar Ray Evans, Jay Livingston
Låtskrivar(ar) Jay Livingston, Ray Evans

«Silver Bells» er ein populær julesong, skriven av Jay Livingston og Ray Evans.

«Silver Bells» vart først framført av Bob Hope og Marilyn Maxwell i filmen The Lemon Drop Kid, filma i juli og august 1950 og gjeven ut i mars 1951.[1] Den første innspelte versjonen var av Bing Crosby og Carol Richards med John Scott Trotter and His Orchestra, gjeven ut på Decca Records i oktober 1950.[2] Etter Crosby- og Richards-innspelinga vart populære, vart Hope og Maxwell henta attende seint i 1950-åra for å filme på ny ein meir utførleg produksjon av songen.[1]

«Silver Bells» hadde først tittelen «Tinkle Bells.» Ray Evans sa «Me tenkte aldri på at tinkle hadde fleire tydingar, før Jay kom heim og den første kona hans sa, 'Er de galne? Veit de ikkje kva tinkle tyder?'» Ordet er slang for urinering.[3]

Det har kome fleire soger om inspirasjonen til songen. Fleire magasin og intervju har sitert Jay Livingston på at inspirasjonen til songen kom frå bjøllene julenissane og folk frå Frelsesarmeen nytta på gatehjørna i New York City.[4][5][6] Men i eit intervju med Ray Evans til NPR sa han at songen var inspirert av ei bjølle som stod på kontoret dei delte.[7]

Songen gjekk inn på salslista i Storbritannia for første gongen i 2009, då ein duett med Sir Terry Wogan og Aled Jones vrt spelt inn for veldedige føremål. Singelen nådde 27. plassen.[8]

  1. 1,0 1,1 «The Lemon Drop Kid» in The American Film Institute Catalog of Motion Pictures (online database).
  2. "Record Reviews", Billboard, Oct. 28, 1950, s. 40.
  3. Furia, Philip & Lasser, Michael (2006). America's Songs: The Stories Behind the Songs of Broadway, Hollywood, and Tin Pan Alley. Routledge. s. 233. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. mars 2016, henta 20. mars 2017 
  5. http://www.songfacts.com/detail.php?id=12352
  6. American Songwriter Magazine. July–August 1988. ««We wrote a song called 'Tinkle Bell,' about the tinkly bells you hear at Christmas from the Santa Clauses and the Salvation Army people. We said 'this is it, this will work for the picture,' so I took it home and played it for my wife. She said 'you wrote a song called 'Tinkle Bell'? Don't you know that word has a bathroom connotation?' So I went back to Ray the next day and told him we had to throw the song out, and we did.»» 
  7. http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=5068947
  8. Silver Bells Songfacts

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]