Simon Nicol | |||
Simon Nicol på BBC Radio 2 Folk Awards; februar 2007 | |||
Fødd | 13. oktober 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Muswell Hill i London i England | ||
Fødenamn | Simon John Breckenridge Nicol | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til i dag | ||
Sjanger | Rock, folkrock, elektrisk folk | ||
Instrument | Vokal, gitar, dulcimer, synthesiser | ||
Kjende instrument | Santa Cruz Tony Rice Dreadnought 1962 Fender Stratocaster Rickenbacker Capri | ||
Tilknytte artistar | Fairport Convention, Albion Band | ||
Plateselskap | Track, Island, Vertigo, Woodworm, Matty Grooves | ||
Verka som | Musikar, plateprodusent |
Simon John Breckenridge Nicol (fødd 13. oktober 1950) er ein gitarist, songar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han var med å grunnla bandet Fairport Convention og er det einaste opphavlege medlemmet som framleis spelar i bandet. Han var òg involvert i Albion Band og mange andre musikalske prosjekt, både som samarbeider, produsent og soloartist. Han har fått mange prisar for arbeidet sitt og karrieren.
Han starta å spele gitar då han var 11 år og forlet skulen då han var 15. I 1966 vart han med i det lokale bandet Electric Shuffle Orchestra i lag med bassgitarist Ashley Hutchings, og like etter forlet han jobben på den lokale kinoen for å bli fulltidsmusikar. Dei øvde i etasjen over legepraksisen til faren, i eit hus kalla Fairport, og dette var opphavet til namnet på bandet som han og Hutchings danna i lag med Richard Thompson og Shaun Frater som Fairport Convention i 1967.[1]
Då Thompson vart sologitarist i bandet, vart Nicol rytmegitarist og song stundom korvokal. Etter fleire endringar i besetninga fekk bandet ein viss suksess dei første åra med tre album og ei framsyning på det britiske musikkprogrammet Top of the Pops i 1969 med singelen «Si Tu Dois Partir», som nådde 21. plass i Storbritannia.[2] Nicol skreiv den først songen sin for bandet for det andre albumet, What We Did on Our Holidays, den korte instrumentalen «End of the Holiday».[3] Nicol vart skadd i bilulukka som tok livet av trommeslagaren Martin Lamble den 12. mai 1969, men han og bandet kom attende og spelte inn det som vert rekna som meisterverket deira og det viktigaste albumet i britisk folkrock, Liege and Lief (1969).[4]
Like etter albumet kom ut slutta Hutchings og vokalist Sandy Denny, medan Dave Swarbrick på fele og bassist Dave Pegg hadde kome inn i bandet.[5] Swarbrick, som hadde større kjennskap til tradisjonell musikk, tredde fram som frontfigur i bandet, medan Nicol måtte ta større del av vokalen på det neste albumet Full House (1970).[6] Då Thompson like etter forlet bandet, måtte Nicol òg ta rolla som sologitarist i bandet. Sjølv om han aldri var heilt nøgd med denne rolla, meinte ein samstundes på denne tida at han gjorde det bra.[7] Han viste òg at han kunne traktere mange instrument og spelte både bassgitar, bratsj og dulcimer.[8] Han starta å skrive songar for dei neste to albuma Angel Delight og Babbacombe Lee (begge 1971). Han starta òg å ta over noko av produksjonen på Babbacombe Lee, men dette var ikkje så godt motteke av resten av bandet, og dette, samt at han måtte fylle skoa til Thompson, gjorde at han forlet bandet i 1971, som det siste originale medlemmet.[9]
Om lag samstundes som Nicol forlet Fairport Convention hadde Hutchings òg slutta i Steeleye Span og starta å arbeide med den første utgåva av Albion Country Band. Nicol vart med fleire musikarar, mellom anna tidlegare Fairport-medlem Richard Thompson og Dave Mattacks på albumet No Roses (1971), ofte rekna som eit av dei viktigaste elektriske folkealbuma.[10] Nicol slo seg så saman med Richard Thompson og Linda Peters (seinare Linda Thompson) og danna trioen Hokey Pokey i 1973. I 1974 hadde trioen vorte utvida til bandet Sour Grapes som spelte på turneen etter Thompson-albumet I Want to See the Bright Lights Tonight. Seinare same året spelte Nicol på og var medprodusent med Thompson på albumet hans Hokey Pokey.[11]
I 1973 spelte han på det som ofte vert rekna som eit av dei aller beste folk/jazz-albuma gjennom tidene, John Martyn sitt Solid Air.[12] Nicol vart med i Albion Band igjen i 1973, men albumet dei spelte inn, Battle of the Field, kom først ut i 1976.[13] Nicol tok del i somme av innspelingane for det neste prosjektet til Hutchings, Etchingham Steam Band, men var aldri formelt med i gruppa. I 1974-1975 spelte han på Cat Stevens sitt Numbers (1975) og danna eit band i lag med Chris Spedding, Pat Donaldson, Gerry Conway. Denne «supergruppa» vart lagt ned før dei fekk gjort nokre innspelingar.[14] Nicol produserte òg albumet Rough Diamonds (1975) for Jack the Lad, og starta å spele med Swarbrick og Pegg i ein trio kalla Three Desperate Mortgages.[15]
Nicol kom attende til Fairport som lydteknikar på det som opphavleg skulle vere eit soloprosjekt for Swarbrick, albumet Gottle O' Geer (1976). Han spelte nkok gitar og albumet vart omsider gjeven ut som eit Fairport-album. Nicol vart med i bandet igjen for fullt. Samstundes spelte han på det første albumet til Julie Covington (1977), inkludert hitsingelen «Only Women Bleed» som nådde 12. plass i Storbritannia i 1978.[16] I 1977 vart Nicol med i eit gjenforeint Albion Dance Band for albumet The Prospect Before Us og i 1978 som The Albion Band gav dei ut det beste albumet deira, Rise Up Like the Sun (1978).[17] I motsetnad selde dei to neste Fairport-albuma, The Bonny Bunch of Roses (1977) og Tipplers Tales (1978) dårleg, trass i god produksjon og framføring, og at ein generelt meinte Nicol hadde vokse som gitarist og vokalist. Dei valde til slutt å legge ned bandet og heldt ein siste konsert i Cropredy i Oxfordshire den 4. august 1979.[18]
Nicol vendte attende til Albion Band og spelte inn to album i 1983. Han turnerte og spelte inn med Richard og Linda Thompson frå 1979 til 1982 og så vidare med Richard Thompson i 1983 og 1984.[11] Han danna òg ein akustisk duett med Dave Swarbrick, som han spelte inn tre album i lag med.[19] Han tok òg del i den årlege gjenforeininga med Fairport, som no var Cropredyfestivalen.[20] I 1985 kom han attende til Fairport for å spele inn albumet Gladys' Leap. Albumet vart godt teke imot og førte til at bandet vart gjenforeint eit år seinare.[21]
Perioden 1986-1997 var kanskje den travlaste i karrieren til Nicol. Utan Swarbrick vart han no den nye frontmannen i Fairport. Dei fleste kommentarane har meint at den utviklande barytonestemma hans var meir enn god nok for denne oppgåva.[22] Fairport spelte inn plater og turnerte stadig, men Nicol fekk likevel tid til å gje ut to soloalbum i perioden, Before Your Time (1987) og Consonant Please Carol (1992). Frå 1991-1996 spelte han på tre album av Richard Thompson. Frå 1993 vart han med att i Albion Band i ei ny akustisk utgåve, og spelte inn tre høgt akta album. Han produserte det første av desse, Acousticity (1993), og turnerte mykje i Europa og Amerika. Han spelte òg med fleire andre artistar, mellom anna ein turne med Art Garfunkel i 1988 og på albuma til Beverley Craven og Beth Nielsen Chapman. I 1990 gav han ut videoen Singing Games for Children med kona Sylvia.[23]
I 1997 forlet han Albion Band for å fokusere meir på Fairport Convention, med delte vokal med Chris Leslie og tok over noko av organiseringa med Cropredyfestivalen frå 2005.[24]
Nicol spelte nyleg i lag med den originale Fairport Convention-vokalisten Judy Dyble, på to songar på hennar Talking with Strangers i 2009. Same året spelte han i Alan Simon sin rockeopera Anne de Bretagne, i rolla som kong Edvard IV av England.
Sjå òg diskografien til Fairport Convention og Albion Band