Sinjil | |||
سنجل, Senjel, Sanjil | |||
kommune | |||
Namneopphav: St. Gilles[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 32°01′59″N 35°15′51″E / 32.03306°N 35.26417°E | ||
Folketal | 5 236 (2006) | ||
Borgarmeister | Imad al-Din Masalmeh | ||
![]() Sinjil 32°01′59″N 35°15′51″E / 32.033055555556°N 35.264166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sinjil |
Sinjil (arabisk سنجل) er ein palestinsk by som ligg 21 km nordaust for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda. Landsbyen grensar til Turmus Ayya og den israelske busetjinga Shilo.
I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 5 236 i 2007.
Det er funne graver i Sinjil frå mellombronsealderen med store mengder metallvåpen.[2]
Ein trur at landsbyen har fått namn etter krossfararbyen St. Gilles,[1] som var heimstaden til den franske greven Raymond VI av Toulouse [3] som slo leir her under det første krosstoget, før han gjekk inn i Jerusalem.[4] Den same mannen bygde seinare ei borg i Sinjil for å verne passasjen for passerande karavanar.[5]
Det er reist tvil om namneopphavet av historikaren Levy-Rubin.[6] Ei samaritansk soge, skriven på 1300-talet, men basert på mykje eldre kjelder, refererer to gonger til staden Sinḥil på 700- eller 800-talet.[6] Den arabiske geografen Zakariya al-Qazwini nemnte i Athar al-bilad på 900-talet Sinḥil, men dette kan ikkje verifiserast frå eksisterande manuskript.[6] Levy-Rubin føreslo at Sinḥil var det originale namnet på Sinjil, og at krossfararnamnet St. Gilles kom frå arabarane og ikkje motsett.[6]
I 1220-åra skildra Yaqut al-Hamawi Sinjil som «ein liten by i provinsen Filastin. I nærleiken ligg hola til Yasuf as Sadik (Josef)».[7]
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina. I 1596 var han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 55 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer, frukttre, geiter og bikubar.[8] Tidleg på 1800-talet var Sinjil ein landsby med 206 menn som skatta, kring 800 innbyggjarar.[9]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skildra han som «ganske folketett», og estimerte at det var 1200 innbyggjarar. Landsbyen hadde to rike vasskjelder, og det største var knytt til eit reservoar.[10] Guérin skreiv vidare På toppen av åsen er det observert tufter etter to borger, bygd med store blokker, tilsynelatande særs gamle. Den eine vert kalla Kasr («Fortet»), og den andre Keniseh («Kyrkja»). Den sistnemnde er bygde aust og vest, og kan ha vore ei kyrkje. Lenger nede i åsen fann eg fleire gamle graver hogd ut i berget. Ei av dei største, som hadde ein vestibyle i inngangen, bestod av to nisjer.[11] Ei osmansk landsbyliste frå same året, 1870, synte at «Sindschil» hadde 161 hus og eit folketal på 513, men folketeljinga talde berre menn.[12]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestina» Sinjil som mellomstor, med fleire hus i to etasjar, i ei åsside med fine fikenhagar nedanfor.[3]
Landsbymoskeen er lagt ut langs linjene til den frankiske krossfararkyrkja. Andre historiske stader i byen er ein brunn for Josef og ein heilag stad for Jakob. Heilagdomen til Abu Ouf ligg òg her.[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Sinjil (kalla Senjel) ein heilt muslimsk folkesetnad på 934,[13] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 266 busette hus og eit folketal på 1071, framleis alle muslimar.[14] I 1945 var folketalet 1 320 medan det samla landarealet var 14 186 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[15] Av dette var 4 169 for plantasjar og irrigert land, 4 213 for korn,[16] medan 47 mål var klassifisert som utbygde område.[17]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 hamna Sinjil under Jordan sitt styre.
Sidan seksdagarskrigen i 1967 har Sinjil vore under israelsk okkupasjon.