Siri Eftedal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. mai 1966 (58 år) Skien kommune |
Yrke | handballspelar |
Siri Eftedal Seland (fødd 22. mai 1966) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skien som i åra 1992-94 vann OL-sølv, VM-bronse og EM-bronse. Rykkrom-spelaren hadde sin styrke i skot frå golvnivå.
Eftedal spelte fyrst på det lokale laget Halsen IF, før ho prøvde seg ei tid hos Larvik Turn. Størst suksess hadde i Gjerpen Idrettsforening, eit lag ho vann fleire nasjonale turneringar med.
Eftedal debuterte på det norske landslaget den 16. oktober 1984, i kamp mot Island. Men det skulle gå åtte år før ho fekk vere med i ei stor meisterskaps-turnering. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona sikra ho norsk finaleplass med ei skåring i sluttsekundane. I OL-finalen vart det norsk stortap mot Sør-Korea. Under Handball-VM 1993 på heimebane gjorde ho ein fin figur då Noreg vann bronsen etter 20-19-siger over Romania. Året etter var ho med å vinne bronsemedalje ved handball-EM i Berlin, i ein meisterskap der ho bidrog mindre. Eftedal spelte 110 landskampar og stod for til saman 258 nettkjenningar.