Siri Gellein | |||
![]() | |||
Fødd | 1. oktober 1966 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Trondheim | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | journalist, songar, jazzmusikar, programleiar |
Siri Beathe Gellein (fødd 1. oktober 1966) er ein norsk musikar (vokal) og journalist frå Trondheim. Ho har delteke i fleire utgivingar, grupper og fjernsynsprogram.
Siris Svale Band (etablert 1987) framfører cool jazz (sval) musikk, i blanding med soul. Dei andre medlemmane er John Pål Inderberg på saksofon, Odd Magne Gridseth på elbass, Carl Haakon Waadeland på trommer og Bjørn Alterhaug på bass. Kvintetten gav ut Blackbird (1990) og Necessarily So ... (2001) på Sonor Records. Begge hausta internasjonal anerkjenning, særleg på grunn av lydmessig kvalitet i opptaka.
Ho var med i den norske Grand Prix semi-finalen 1988 med songen «Nå» (melodi av Nissa Nyberget og tekst av Idar Lind). Gellein tok også del på Dumdum Boys sitt album Splitter pine (1989).
På utgjevinga Baby Blue – Absolutely live frå Moldejazz (1991) speler ho med Geir Tosaunet på gitar. Med musikk og bandbidrag frå Bjørn Willadsen gav ho ut visejazz-plata Sånn vil du ha meg (1999) med tekstar av Inger Hagerup. I 2002 var ho gjest i Rundt et flygel.
I 2018 var Siris Svale band i studio og på turné med besetninga Celio Barros (bass), Bjørn Alterhaug (bass), Carl Haakon Waadeland (trommer), John Pål Inderberg (saksofonar).
I 1993 starta Gellein som journalist i NRK (TV/radio). På 1990-talet var ho programleiar for Sommeråpent.[1] Ho gjekk til Adresseavisen som skrivande journalist, radio- og fjernsynsreporter i mai 2004. Ho blei med i den nystarta Arbeideravisa i desember 2007, og slutta der 1. juni 2008 for å jobba som frilansjournalist og musikar. Hausten 2012 blei ho hovudlærar i journalistikk ved Norges Kreative Høgskole (tidlegare Norges Kreative fagskule) i Trondheim. Ho starta som kommunikasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag i september 2015. 1. mars 2017 byrja ho som dagleg leiar i Stiftinga Elden på Røros. Musikkteateret blir sett opp kvar sommar i månadskiftet juli/august, med kring 11 000 publikummarar kvart år. Gellein har sete i styret for Trondheim Jazzfestival.