Sjagraer er ei lita gruppe av buskvarslarar, ei biologisk slekt Tchagra i familien Malaconotidae som lever i Afrika. Dette er sporvefuglar med storleik mindre enn eller lik starar om ein reknar med ein relativt lang hale. Dei er insektetarar og er kjente for å vere standfuglar.
Sjagraer er fem mellomstore sporvefuglar som er relativt einsarta i fjørdrakt og i storleik. Kroppslengde inkludert halen, varierer mellom 15 og 23 centimeter, med sumpsjagra i det nedre området.
Vengene (vengdekkfjører og stordekkfjører) er brune til raudbrune i kontrast til lysare beige eller grå rygg. Nebbet er kraftig og svart med liten nedbøygd tupp. Alle har svart stripe frå nebbet gjennom auget mot nakken, og alle har svart eller brun krone eller ei mørk midtstripe. Auga er svarte og beina grå. Halen er mørkare enn ryggen og kroppssidene. Undersida er lysare beige eller har gråtone varierande mellom artane og underartane. Halen er relativt lang, kanskje minst markert lang hos kappsjagra.
Dette er insektetarar som stort sett føretrekker store insekt, og dei fleste beitar på bakken.
Utbreiingsområdet er Afrika sør for Sahara. Svartkronesjagra representerer eit unnatak med populasjonar i nord, frå Marokko og litt inn i vestlege Libya, samt lengst sør på Den arabiske halvøya. Nokre sumpsjagraer kan moglegvis ha trekkvaner inn i nordvestlege utbreiingsområdet i regntid, elles er desse artane standfuglar.
Fry, H. (2018) Marsh Tchagra (Bocagia minutus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
Fry, H. (2018) Black-crowned Tchagra (Tchagra senegalus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
Fry, H. (2018) Brown-crowned Tchagra (Tchagra australis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
Fry, H. (2018) Three-streaked Tchagra (Tchagra jamesi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
Fry, H. (2018) Southern Tchagra (Tchagra tchagra) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2018
↑Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)