Ei skapseng er ei seng som er innebygd slik at gavlsida er utforma som eit skap. Ho er eit kombinasjonsmøbel som kan vera både eit skap og ei seng. Møbeltypen blir vanlegvis assosiert med allmugen, men var opphavleg på moten i høgstanden.
Skapsenger blei brukte både på bygda og i byane i eldre tider.
I Grøslistua på Norsk Folkemuseum på Bygdøy er ei av dei eldste bevarte skapsengene i Noreg. Grøslistua blei truleg bygd mellom 1602 og 1653, og stod opphavleg på Grøsli i Flesberg.[1]
På Bryggen i Bergen er det bevart skapsenger i bygningane som i dag tilhøyrer Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene. I Finnegården, som blei bygd kort tid etter at den tidlegare busetnaden gjekk tapt i ein storbrann i 1702, kan ein sjå ei skapseng som er midt i huskroppen. Dette var vintersenga til handelsmannen som bygde huset. Ved å ha ei seng midt i huset ville han vera mest mogleg skjerma for trekk og kulde.[2]
Den eldste kjende skapsenga i Sverige er blitt datert til 1693, og kjem frå Söderbärke i Dalarna. Landskapa Dalarna, Herjedalen og Jämtland høyrer til dei svenske landskapa der bruken av skapsenger varte lengst.[3]