60°15′24.653″N 5°5′51.252″E / 60.25684806°N 5.09757000°E
Skogsvågen | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Øygarden | ||
Folketal | 539 (2024) | ||
Folketettleik | 1 100 / km² | ||
Postnummer | 5382 | ||
![]() Skogsvåg 60°15′N 5°06′E / 60.25°N 5.1°E |
Skogsvågen er eit bygdesenter og ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland med 539 innbyggjarar per 1. januar 2024. I Skogsvågen ligg kommunehuset, idrettshallen Sundhallen, barnehage og aldersheim, samt ein vidaregåande skule.
Skogsvågen ligg 25 kilometer sjøveg sørvest for Bergen.
Kvalfangst i Skogsvågen har ein lang og unik historie. I “Årbok frå Skogsvåg 2008″ skriv Sverre Sangolt i kapitlet “Kvalvågen, ein arm av Skogsvåg”:
“Kvalvågen er ein sidearm av Skogsvågen, og truleg er det kvalfangsten som har gjort Skogsvåg vide kjent. I engelske og hollandske kart frå slutten av 1600-tallet kan ein sjå at “Scogges wag” er avmerka på vestsida av Sotra."
Kvalvågen startar i Stekasundet og går mot sør, den er 1250 meter lang og rundt 160 meter brei. Namnet kjem av at her har vore avliva kval i uminnelege tider, og den siste vart tatt måndag 20.juni 1960.”[1]