46°53′25″N 71°08′50″W / 46.890188°N 71.147268°W
| ||||||||||||||||||||||||||||||
|
Slaget ved Beauport, òg kjend som Slaget ved Montmorency, vart utkjempa 31. juli 1759, var ei viktig trefning mellom britiske og franske styrkar under sjuårskrigen (òg kalla den franske og indianske krigen) i den franske provinsen Canada. Åtaket vart utført av britane mot den franske forsvarslinja ved Beauport, om lag fem kilometer aust for of Quebec. Dei britiske soldatane under general James Wolfe trekte seg attende med eit tap på 443 mann.
Franskmennene feira sigeren, men general Montcalm var meir lunken og skreiv til Bourlamaque at han meinte åtaket berre var ein forsmak på det som måtte kome, og at dei ikkje hadde noko anna val enn å vente.[3] Åtaket kom til slutt, den 13. september då britane gjekk i land vest for Quebec og slo franskmennene på Abrahamslettene i slaget som kravde livet til både Montcalm og Wolfe.