Slinfah | |||
صلنفة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Latakia guvernement | ||
Distrikt | Al-Haffah-distriktet | ||
Nahiyah | Slinfah | ||
Høgd | 1 130 moh. | ||
Koordinatar | 35°36′1″N 36°10′43″E / 35.60028°N 36.17861°E | ||
Folketal | 1 847 (2004) | ||
Grunnlagd | 1929 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Slinfah 35°36′01″N 36°10′43″E / 35.600277777778°N 36.178611111111°E | |||
Kart som viser Slinfah.
|
Slinfah (arabisk صلنفة, Ṣlenfah) er ein ferieby i Syria, grunnlagd i 1929, som administrativt høyrer til Al-Haffah-distriktet i Latakia guvernement. Han ligg 1130 meter over havet i An-Nusayriyahfjella, 50 km aust for Latakia. I følgje folketeljinga i 2004 har byen 1 847 innbyggjarar, og 19 518 innbyggjarar om ein tar med dei 25 kringliggande landsbyane i Slinfah nahiyah (nahiyah).[1] Innbyggjarar er hovudsakleg alawittar.[2]
Med mildt vêr om sommaren er Slinfah ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Syria, både hos lokale og utlendingar. Byen har kalde vintrar med mykje snø.
Det høgaste punktet i Slinfah er toppen Profeten Yunis som ligg 1300 meter over havet. Det nærliggande Shooh-fjellet er dekt med 500 hektar furuskog. Den historiske Salah Ed-Din-borga ligg berre 13 km vest for Slinfah.