Snøbriller (inuktitut ilgaak eller iggaak, stavingsskrift ᐃᓪᒑᒃ eller ᐃᒡᒑᒃ, alaskayupik nigaugek, nigauget) er utstyr tradisjonelt nytta av inuittar og yupikfolk for å verna augo mot snøblinde.[1]
Vernebrillene blei tradisjonelt laga av rekved (særleg frå gran), bein, kvalrosstenner og reingevir,[1] eller i nokre høve strandgras.[2] Dei er skorne ut for å passa rundt fjeset til brukaren, med ei eller fleire utskorne smale horisontale spalter.[3] Brillene sit tett rundt fjeset slik at lys berre kjem inn gjennom spaltene, og av og til blir det brukt sot på innsida for å redusera gjenskin.[1][4][5] Spaltene er laga smale ikkje berre for å redusera mengda av lys som kjem inn, men også for å betre visus eller synsskarpleiken.[1] Vidare spalter gjev eit større synsfelt.[1]
Som med andre inuittiske ord finst det ulike nemningar ulike stader, som med inukhuk/inuksuk.[6][7] I Kivalliq blir dei kalla ilgaak (ᐃᓪᒑᒃ) medan dei på Nord-Baffinøya blir kalla iggaak (ᐃᒡᒑᒃ). Begge orda kan også brukast om solbriller.[8]
På alaskayupik blir snøbruller kalla nigaugek, medan på cup'ig blir dei kalla igguag. På sibirsk yupik er nemninga iyegaatek.[3]