Snøstjerne

Snøstjerne
Snøstjerne
Snøstjerne
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Slekt: Snøstjerneslekta Scilla
Art: Snøstjerne S. forbesii
Vitskapleg namn
Scilla forbesii

Snøstjerne (Scilla forbesii) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia.[2] Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. forbesii.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1978. Arten er i auke og veks talrike stader i kyststrøk og låglandet til Troms.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

Det er gjort funn av hybridar med storsnøstjerne (S. forbesii × S. luciliae) frå Oslo til Drammen. Denne finst truleg mange fleire stader.[2]

  1. «Artsdatabanken: Snøstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 219. 
  3. «Fremmedartslista 2023: snøstjerne Scilla forbesii (Baker) Speta». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Scilla forbesii snøstjerne». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]