Eirik den vidfarnes saga (Eireks saga víðförla) er ein fornaldarsaga om ein nordmann, Eirik Throndssønn frå Trondheim, som ville reisa verda rundt for å finna den staden som heidenske menn kalla Odainsaker, og som dei kristne kalla Paradiset.
Reisa gjekk via Danmark, der han fekk følgja av ein kongson som òg heitte Eirik, til Miklagard, og vidare til India før han drog attende.
Sagaa om Eirik den vidfarne vart skriven ned av den islandske presten Jon Tordsson (Jon prestr Þórðar son) på slutten av dei to Olavssagaene i Flateybok. Denne boka vart skriven på Island heilt på slutten av 1300-talet og sannsynlegvis fullført 1394.