«Solhverv» av Jan Høiland | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | chanson | |
Selskap | EMI Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Dag Kristoffersen |
---|
«Solhverv» er ein song av Jan Høiland, gjeven ut i 1963. Songen er skriven av Dag Kristoffersen.[1]
«Solhverv» deltok i Melodi Grand Prix 1963, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1963 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Jan Høiland med eit lite orkester, og så på nytt av Nora Brockstedt med eit stort orkester. Bidraget vann med 81 poeng.[2][3]
«Solhverv» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1963 | |||||
Land | Noreg | ||||
Artist(ar) | Anita Thallaug | ||||
Medverkande | Øivind Bergh (dirigent) | ||||
Språk | Norsk | ||||
Komponist(ar) | Dag Kristoffersen | ||||
Låtskrivar(ar) | Dag Kristoffersen | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 0 | ||||
Finaleplass | 13 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
|
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1963 fekk «Solhverv» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1963. Nora Brockstedt skulle framføre songen, men måtte trekje seg på grunn av ein spelejobb. Songen vart dimed framført, på norsk, av Anita Thallaug. Øivind Bergh dirigent. Bidraget enda på 13. og sisteplass med null poeng. Noreg enda sist av totalt 16 bidrag av di landet måtte dele den dårlege plasseringa med Nederland, Finland og Sverige, som heller ikkje fekk nokre poeng.