«Mandy», opphavleg kalla «Brandy», er ein song skriven og komponert av Scott English og Richard Kerr.[1]
«Brandy» vart ein hitt i 1971 for Scott English i Storbritannia og i 1972 for Bunny Walters i New Zealand, men han fekk større suksess då han vart spelt inn i 1974 av Barry Manilow i USA med tittelen «Mandy» for å unngå forveksling med Looking Glass sin «Brandy (You're a Fine Girl)». Versjonen hans nådde toppen av US Hot 100 Singles-lista. Seinare vart han spelt inn av mange andre artistar, som det irske gutebandet Westlife som nådde toppen av singellista i Storbritannia med sin versjon i 2003.
Brandy Singel av Scott English | ||
B-side |
«Lead Me Back» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Pop | |
Selskap | Trojan/Horse/Fontana (UK) Janus (U.S.) | |
Komponist | Richard Kerr, Scott English | |
Tekstforfattar | Richard Kerr, Scott English | |
Låtskrivar(ar) | Scott English Richard Kerr |
Med tittelen Brandy, den originale tittelen, gjekk denne songen inn på salslista i 1971 for Scott English, ein av dei to låtskrivarane, då han nådde 12. plass på UK Singles Charts. Han vart òg gjeve ut i USA, men gjorde det ikkje så bra der.
At Scott English skal ha skrive songen om hunden sin er visstnok ei vandresoge. English skal ha sagt det til ein journalist som ringte han tidleg ein morgon for å spørre kven «Brandy» var og English svarte irritert at det var hunden hans.[2]
Liste (1971) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart | 12 |
US Billboard Singles Chart | 91 |
Brandy Singel av Bunny Walters | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Pop | |
Komponist | Richard Kerr, Scott English | |
Tekstforfattar | Richard Kerr, Scott English | |
Låtskrivar(ar) | Scott English Richard Kerr |
---|
I 1972 spelte Bunny Walters inn «Brandy» og fekk ein hit med denne på New Zealand.[3] Med på korvokal var The Yandall Sisters. Han gav seinare ut songen på albumet Very Best of Bunny Walters[4]
Liste (1972) | Plassering |
---|---|
New Zealand Singles Chart | 4 |
Mandy Singel av Barry Manilow frå albumet Barry Manilow II | ||
B-side |
«Something's Comin' Up» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | 1974 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:20 (singel) | |
Selskap | Bell | |
Komponist | Richard Kerr, Scott English | |
Tekstforfattar | Richard Kerr, Scott English | |
Låtskrivar(ar) | Scott English Richard Kerr | |
Barry Manilow-kronologi | ||
«Could It Be Magic» (1973) |
Mandy | «It's a Miracle» (1975)
|
I 1974 spelte Barry Manilow inn songen med tittelen «Mandy» og songen vart den første singelen til Manilow som nådde toppen av Billboard Hot 100 og Easy Listening-lista, i tillegg til den første singelen hans som selde til gullplate.
I dei tre åra mellom English si innspeling i 1971 og Manilow si innspeling hadde Looking Glass hatt songen «Brandy (You're a Fine Girl)» inne på listene i 1972. For å unngå forveksling valde Manilow derfo rå endre tittelen, etter forslag frå Clive Davis. Joe Renzetti arrangerte plata.[5] Manilow spelte opphavleg songen som ein livleg tyggegummipoplåt, som minna om originalen til English, men han og produserten Ron Dante var misnøgde med resultatet og spelte han derfor inn på ny som ein ballade og var langt meir nøgd.
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Canada | 1 |
Tyskland | 19 |
Irland | 6 |
New Zealand | 30 |
UK Singles Chart | 11 |
US Hot 100 Singles Chart | 1 |
Mandy Singel av Westlife frå albumet Turnaround | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. november 2003 | |
Innspelt | Rokstone Studios i London Olympic Studios i London 2003 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:19 | |
Selskap | BMG | |
Komponist | Richard Kerr, Scott English | |
Tekstforfattar | Richard Kerr, Scott English | |
Produsent | Steve Mac | |
Westlife-kronologi | ||
---|---|---|
«Hey Whatever» (2003) |
Mandy | «Obvious» (2004)
|
«Mandy» vart spelt inn av Westlife i 2003 og gjeven ut som den andre singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Turnaround. Singelen gjekk til topps på UK Singles Chart og vart den 12. nummer-ein-singelen deira i Storbritannia. Singelen selde 190 000 kopiar i landet.[6]
Liste (2003) | Plassering |
---|---|
Austerrike | 16 |
Belgian (Flandern) | 50 |
Belgia (Ultratip Vallonia)[7] | 3 |
Danmark | 2 |
Nederland | 27 |
European Hot 100 Singles[8] | 3 |
Tyskland | 14 |
Irland | 1 |
Noreg | 15 |
Sverige | 4 |
Sveits | 30 |
UK Singles Chart | 1 |
Andre artistar som har spelt inn songen er Andy Williams (1975), Johnny Mathis (1975), Kai Hyttinen (1975, på finsk som «Leena»), Claude François, Karel Gott (1977, på tsjekkisk som «Jsou svátky»), Richard Clayderman (1994), Me First and the Gimme Gimmes (1997), Box Car Racer (2002), Helmut Lotti (2003), Westlife (2003), Bradley Joseph (2005) og Donny Osmond (2007)