Southern Accents Song av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Southern Accents | ||
Innspelt | 1983-1985 | |
Sjanger | Heartland rock, Southern rock | |
Lengd | 4:44 | |
Selskap | MCA | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty | |
---|---|---|
Produsent | Tom Petty, Jimmy Iovine, Mike Campbell, David A. Stewart, Robbie Robertson |
«Southern Accents» er ein song av Tom Petty and the Heartbreakers på albumet med same namn.[1]
Under innspelinga av songen var det krangling mellom bandmedlemmane, og kvar av dei hadde sitt eige syn på korleis den endelege versjonen av songen og albumet skulle vere.[2] Songen vart spelt inn i Sound City Studios i Los Angeles i California.
Songen har ei tyding om å kjenne kvar ein kjem frå og kvar ein står. Han snakkar om å vere stolt av si eiga arv når denne vert kritisert og/eller håna. Den tredje og fjerde linja i songen er eit døme på dette:
«The young 'uns call it country, The Yankees call it dumb.»
Songen vart ikkje gjeve ut som singel, og finst berre på albumet. Han vart møtt med generelt god kritikk av store magasin som Rolling Stone, som kalla han «eit kraftig forsvar av dei Sørstatsrøtene hans og ein ambisøs kamp om den kunstnariske æra si.» Mange meldingar trekte fram songen som eit høgdepunkt på albumet.