Sonja Jógvansdóttir | |||
Fødd | 9. november 1977 (47 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Tjóðveldisflokkurin (2019), partilaus (2015; 2019), Javnaðarflokkurin (2015) | ||
Yrke | journalist, politikar | ||
Utdanna ved | University of Edinburgh | ||
Sambuar | Annlis Bjarkhamar | ||
Verv | Lagtingsmedlem 1. september 2015–31. august 2019 | ||
Alle verv |
Sonja J. Jógvansdóttir (fødd 9. november 1977 i Tórshavn)[1][2] er ei færøysk organisasjonskvinne og politikar som representerer partiet Tjóðveldi.
Jógvansdóttir vaks opp i Fuglafjørður som dotter av læraren Jógvan Finnur Poulsen og kona Jónvør Hansdóttir. Ho har mastergrad i statsvitskap frå University of Edinburgh og supplerande kurs i forvalting frå Roskilde Universitet. I 2006 blei ho initiativtakar til og koordinator for SAMTAK, ein paraplyorganisasjon for den færøyske fagrørsla. Ho har tidlegare arbeidd som journalist i tillegg til saksbehandlar ved den færøyske EU-representasjonen i Brussel.[2]
Jógvansdóttir har særleg vore oppteken av emne som likestilling mellom kjønna, rettane til homofile og fattigdom.[2][3] I 2015 blei ho vald inn på Lagtinget for det sosialdemokratiske partiet Javnaðarflokkurin med 1 021 personrøyster, nest flest etter leiaren for partiet, Aksel V. Johannesen.[4] Kort tid etter valet melde ho seg ut av Javnaðarflokkurin, fordi regjeringa til Aksel V. Johannesen ikkje nemnde borgarleg vigsel av homofile i sitt regjeringsgrunnlag.[5][6] Ho tok sete i Lagtingets justiskomité.[7] Ho støtta regjeringa som partilaus. I februar 2019 melde ho seg inn i Tjóðveldi,[8][9] men blei ikkje teken opp i lagtingsgruppa til Tjóðveldi, ettersom ho opphavleg var vald for eit anna parti.[10] Ho stilte ikkje til attval til Lagtinget i 2019.[11]
Jógvansdóttir bur i Tórshavn som sambuar med tidlegare kulturminister Annlis Bjarkhamar.[12]