Sophora tomentosa | |
Sophora tomentosa | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Sophoreae |
Slekt: | Sophora |
Art: | S. tomentosa |
Vitskapleg namn | |
Sophora tomentosa |
Sophora tomentosa er ein busk eller eit lite tre i erteblomfamilien. Arten har ei pantropisk utbreiing[1]
På engelsk er planten også kjend som necklacepod, yellow necklacepod[2] og tidvis som silverbush eller seacoast laburnum.[1]
Planten blir typisk 1-3 meter høg. Han har gule blomar og ein karakteristisk perlebandaktige frøbelg som har gjeve han det engelske necklacepod-namnet.
Sophora tomentosa veks ofte i kystområde og ved våtmark.[3]
Planten er ei nektarkjelde for bier, sommarfuglar og i delar av Amerika også for kolibriar.
Sophora tomentosa var. truncata er ein lokal plante tilrådd for hagebruk i Florida.[4] Nære slektningar (andre underartar) finst i Texas og Karibia.[5]
Den australske varieteten av planten er rekna som truga i nokre område på grunn av rydding av kysthabitat og fortrenging frå invasive artar.[6]