Sophus Schandorph

Sophus Schandorph

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 8. mai 1836
Ringsted
Død

1. januar 1901 (64 år)
København

Yrke lyrikar, skribent, teolog
Språk dansk
Sophus Schandorph på Commons
Sophus Schandorphm i 1875.
Foto: Hansen, Schou & Weller

Sophus Christian Frederik Schandorph (eller Skamdrup), kjend som berre Sophus Schandorph, (8. mai 18361. januar 1901) var ein dansk poet og romanforfattar. Han var ein del av «det moderne gjennombrotet[1]

Schandorph var fødd i RingstedSjælland, som son av Johan Frederik Schandorph (1790–1855) og Andrea Kirstine Møller (1804–73). I 1855 byrja han på Københavns Universitet. I 1862 gav Schandorph ut den fyrste diktsamlinga si, med lyrikk skriven i ein romantisk stil som ikkje gav nokon peikepinn om kva retning talentet hans skulle føra han. Andre bøker følgde, men talenta hans kom fyrst til fullt uttrykk i eit bind med rustikke forteljingar som heitte Frå Provinsen (1876), der han skildra provinsiell liv og karakter med mykje openheit om detaljar og mykje vidde.

Romanen hans frå 1878, Uden Midtpunkt, som seinare blei omarbeidd til dramatikk, vekte stor merksemd ved utleveringa si av det moderne mangelfulle livet. Blant dei meir kjende seinare romanane hans er:

  • Thomas Friis' Historie (2 bind, 1881)
  • Det gamle Apothek (1855)
  • Poet og Junker (1892)
  • Helga (1900)

Dei mest karakteristiske arbeida hans er likevel å finna i dei ulike bøkene hans med korte skisser. Han gav ut sine eigne minnetekstar (Oplevelser) i 1889. Han døydde etter lang tids sjukdom på Frederiksberg nyttårsdagen 1901.

I dag er Schandorph lite lesen og er ikkje sett på som ein viktig person i «det moderne gjennombrotet», men han er likevel ein nøkkelfigur som inspirasjon for Henrik Pontoppidan og seinare forfattarar som tok for seg regionalisme og sosiale forhold.[2]