Souk El Gharb | |||
سوق الغرب | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Aley distrikt | ||
Høgd | 674−750 moh. | ||
Koordinatar | 33°47′33″N 35°33′45″E / 33.7925°N 35.5625°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Souk El Gharb 33°47′33″N 35°33′45″E / 33.7925°N 35.5625°E | |||
Kart som viser Souk El Gharb.
| |||
Wikimedia Commons: Souk El Gharb |
Souk El Gharb (òg skreve Suk, Sug al, ul) er ein landsby i Libanonfjella guvernement i Aley distrikt i Libanon. Namnet på byen tyder «Vestleg marknd».
Før den libanesiske borgarkrigen var han ein velståande fjellferieby, i fjellet Chouf i Libanonfjella kringsett av furuskog med utsyn over St. Georgbukta og Beirut. Han ligg berre nokre få kilometer frå fjellbyen Aley, og vert i dag rekna som ein av forstadane til Aley. Landsbyane som ligg mellom Aley og Souk El Gharb er Bmakine, Ain el-Sayydé (Vår frue-kjelda) og Ain el-Rimmané (granateple-kjelde). Sør for Souk El Gharb ligg landsbyen Kaifun.
Det finst romersk ruinar i byen. Andre byggverk går minst attende til 1500-talet.
Byen var åstad for fleire slag under borgarkrigen. Staden vart halden av den libanesiske hæren i staden for militsen, noko som ofte var mot store odds og mot støtta frå dei syriske styrkane. Dette førte til at byen vart øydelagd under krigen.
Souk-El-Gharb var ofte nemnt i borgarkrigen, men under i september 1983 fekk han merksemd frå heile verda fordi amerikanske marinestyrkar var involvert. Bakgrunnen for slaget var den israelske invasjonen av Libanon. I august 1983 trekte Israel seg ut av Chouf-distriktet (søraust for Beirut), og fjerna dermed ein buffer mellom drusarar og den kristne militsen, og utløyste ein runde med brutale kampar. I september hadde drusarane kontroll over det meste av Chouf. Men det var den nominelt ikkje-sekteriske libanesiske hæren (LAF) som fungerte som blokkerande styrke i Suk El Gharb i september 1983, og hindre militsen passasje til presidentpalasset i Baabda.
Baabda låg nedanfor Beirut-Aley-Damaskus-vegen. Militsen som kom frå sør måtte krysse Suk El Gharb for å nå Beirut-Aley-vegen. I tillegg kontrollerte Suk El Gharb ein rygg oppom Baabda, Yarze, som var staden der forsvarsdepartemenet held til, og Aust-Beirut. Frå ryggen kunne artilleristar frå militsen skyte direkte nedover til desse stadane.
Leiaren for den libanesiske hæren prøvde å få amerikanarane involvert, og argumenterte at dei burde involvere seg, sidan syrarane støtta militsen. Etter først ha nekta, gjekk amerikanarane med på dette då Suk El Gharb stod i fare for å bli overkøyrd.[2] USS «Virginia» (CGN-38), USS «John Rodgers» (DD-983), USS «Bowen» og USS «Arthur W. Radford» fyrte 338 skot frå 127 mm-kanonar for å støtte den libanesiske hæren i forsvaret av Suk El Gharb. LAF klarte å halde byen, men det er eit ope spørsmål om dei hadde klart dette utan støtte frå den amerikanske marinen.[3][4]Mykje av byen vart øydelagd i kampane.
Somme forfattar, som Thomas Friedman, peikar på at denne kanonelden var første gongen der amerikanske styrkar vart sett på som deltakarar i ein borgarkrig og ikkje ein fredsbevarande styrke, og at dette opna opp for hemnaksjonar mot amerikanarane.[5][6]
Bruk av landminer i nærleiken av byen er framleis eit problem.[7]