South Walls | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°51′N 3°11′W / 58.85°N 3.18°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 8,5 km²
|
Høgaste punkt | 57 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane |
Største busetnad | Longhope
|
Demografi | |
Folketal | 120 (2001) |
Folketettleik | 14,1 /km² |
South Walls er ei busett øy like ved Hoy i Orknøyane i Skottland.
South Walls dannar sørsida av hamna Longhope. Ho var ei tidvassøy fram til ei smal vegfylling vart bygd over sandbanken.[1] Sjølv om ho stundom vert rekna som ei halvøy, er ho verkeleg ei øy.[2]
South Walls er ein popuær stoppestad for kvitkinngås.
Øya består, som det meste av Orknøyane, av gammal raud sandstein.[3]
Øya har meir eller mindre ei oval form, men det ligg eit lite nes kalla Cantick Head i søraust, danna av Kirk Hope (Church Bay). Mellom Hoy og South Walls ligg Longhope. Området sør for vegfyllinga heiter Aith Hope.
South Walls dukka ofte opp i sogene frå norrøn tid, mellom anna fordi ho var den første øya ein kom til når ein segla vest frå Caithness eller Sutherland. Orkneyinga saga nemner øya fleire gonger.
South Walls spelte òg ei viktig rolle i kristninga av Orknøyane. Sjølv om kristendomen kom til øyane før vikingane, var vikingane likevel ofte heidenske. Olav Tryggvasson, konge av Noreg tvinga jarlen av Orknøyane, Sigurd Hloðvisson til å døypast på South Walls.[1] Sigurd jarl godtok dette og vart verande kristen resten av livet. Han gjorde derimot dette under tvang, for kong Olav hadde lete mange volver vorte bundne fast skjer ved lågvatn og så etterlate dei til høgvatnet kom og drukna dei. Dette var ein lang og frykteleg måte å døy på og kanskje Sigurd jarl venta at han kunne få ein liknande lagnad.
Nordaust på øya ligg Hackness martellotårn og batteri[4] Dette tårnet, samt eit anna tårn på nordsida av Crockness, vart bygde i 1815 for verne britiske skip i Longhope mot åtak frå amerikanske og franske sjørøvarar under napoleonskrigane.[5] Tårna vart utrusta på ny for den første verdskrigen.
Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.