Spean Bridge

Spean Bridge

skotsk-gælisk Drochaid Aonachain
Plassering
Spean Bridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Geografi
Koordinatar 56°53′N 4°55′W / 56.883°N 4.917°W / 56.883; -4.917
Diverse annan informasjon
Postnummer PH34
Commons har multimedium som gjeld: Spean Bridge

Spean Bridge er ein landsby i regionen Highland i Skottland.

Landsbyen har fått namnet sitt frå brua over elva Spean på den militære vegen til general Wade mellom Fort William og Fort Augustus, ikkje frå brua som vart bygd i 1819 av Thomas Telford. Telford-brua er no ein del av vegen A82 og ligg midt i landsbyen.

Minnesmerke over kommandosoldatar

Spean Bridge ligg i Great Glen, og er knytt saman med Inverness i nord og Fort William i sør med vegen A82, medan A86 går austover til den møter A9 ved Kingussie. Landsbyen er betent av Spean Bridge stasjon med rute til London, og mellom 1903 og 1933 vart det tilbode ei sidesporteneste til Fort Augustus.

Frå 1942 til 1945 trena kommandosoldatar og amerikanske elitesoldatar i området, frå basen ved Achnacarry.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Spean Bridge