59°15′19.15″N 17°52′42.28″E / 59.2553194°N 17.8784111°E
Spendrups Bryggeriaktiebolag | |||
| |||
| |||
Org.form | Privat aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Svensk orgnr. | 556079-6871 | ||
Bransje | Bryggjeri | ||
Skipa | 1735 | ||
Eigar | Spendrup Invest AB | ||
Dotterselskap | Spendrups Vin Gotlands Bryggeri Hellefors Bryggeri | ||
Hovudkontor | Vårby i Sverige | ||
Land | Sverige | ||
Tilsette | 1 138 | ||
Nettstad | http://www.spendrups.se/ |
Spendrups er eit svensk bryggjeri som særleg produserer øl og sider. Det vart grunnlagd i 1897 som Grängesbergs Bryggeri AB. I konsernet inngår òg dotterføretaket Spendrups Vin, Gotlands Bryggeri og Hellefors Bryggeri. Spendrups er deleigar (20 %) i Bergstrands Kafferosteri. Totalt har Spendrupskonsernet ca. 1 000 medarbeidare og omsett for ca. 3,0 mdr SEK.[1]
Hovudkontoret ligg i Vårby i Huddinge kommun, sør for Stockholm. Spendrups har fire bryggjeri som ligg i Grängesberg, Vårby (sjå Spendrups bryggeri, Vårby), Hällefors og Visby (mikrobryggjeriet Gotlands Bryggeri). Alle bryggjeria er sertifiserte av BRC (British Retailers Consortium).
I mai 2011 presenterte bryggjeriet planar om å legge ned anlegget i Vårby og Loviseberg i løpet av 2012-2014 for å konsentrere tilverkinga ved Grängesberg.[2]
I 2008 var Spendrups den nest største leverandøren av øl til Systembolaget, med 20,2 % av leveransane (42 943 890 liter). Same året leverte det 2 565 363 liter sider (og blandingsdrikkar), noko som gjorde Spendrups til den fjerde største leverandøren til Systembolaget med 13,9 % av marknaden.[3] For restaurantmarknaden finst det ingen offisielle tal.
Spendrups si historie tok til i år 1735 med stamfaren Mads Pedersen som drog frå landsbyen Spentrup i Danmark og flytta til København og vart brennevinsbrennar. I 1855 flytta Jens Fredrik Oscar Spendrup, barnbarnsbarn til Mads Pedersen, til Sverige og busette seg i Halland. I 1923 ovvertok Louis Spendrup, son til Jens Fredrik Oscar, Grängesbergs bryggeri i Grängesberg i Dalarna for 65 000 kr.
I 1950 tok Jens Fredrik «PO» Spendrup, son av Louis Spendrup, over bryggjeriet og fordobla omsetninga kvart år på heile 1950-talet. I 1967 overtok ein Mariestads bryggeri og i 1972 flytta ein den verksemda til Grängesberg. I 1976 vart Jens og Ulf Spendrup, søner til Jens Fredrik «PO» Spendrup, sjefar for Grängesbergs Bryggeri.
I året 1979 vart det første ølet med namnet «Spendrups» lansert på Operakällaren i Stockholm. I 1982 bytte Grängesbergs Bryggeri AB namn til Spendrups Bryggeri AB. I 1983 vart føretaket introdusert på børsen, men det vart tatt av børsen igjen i 2001.
I 1989 kjøpte Spendrups Kooperativa Förbundet si bryggjeriverksemd[4] som bestod av Wårby Bryggerier utanfor Stockholm og Sollefteå Bryggeri (noverande Zeunerts bryggeri) . Med på kjøpet fekk ein mellom anna varemerket Norrlands Guld. Bryggjeriet i Sollefteå (der Norrlands Guld vart bryggja frå starten) vart lagd ned og sidan seld vidare medan Vårbybryggeriet ikkje vart det.
Då det statlege vin- og spritmonopolet vart oppheva i 1995 på grunn av inntreden i EU tok Spendrups til å importere og distribuere vin. I 2001 starta føretaket spritdistribusjon, og samme år byrja lisenstilverkinga av Heineken. I 2009 fekk Spendrups inn Schweppes i sitt sortiment. Spendrups har i dag ca. 1 100 medarbeidarar.[5]
Sidan mai 2011 er Fredrik Spendrup VD. Han etterfølgde sin far, Jens Spendrup, som i staden vart styreleiar.[6]
Mellom Spendrups sine eigne varemerke inngår Spendrups, Norrlands Guld, Mariestads, Loka og Nygårda. Mellom varemerka som føretaket tilverkar på lisens er Heineken, Schweppes, Pago, El Coto, Gallo og Bergstrands kaffe.