Spiranthes romanzoffiana | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Spiranthes | ||
Art: | S. romanzoffiana | ||
Vitskapleg namn | |||
Spiranthes romanzoffiana
Cham.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik fuktig eng | ||
Utbreiing: | Dei britiske øyane, Nord-Amerika |
Spiranthes romanzoffiana er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Dei nye funna i Nederland kan reknast til to ulike varietetar:[1]
Arten finst i Europa berre på Dei britiske øyane og i Nederland, men er elles utbreidd i Nord-Amerika.[2][3]
S. romanzoffiana (engelsk namn: «irish lady's-tresses») veks heilt vest i Storbritannia og i Irland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[4] I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[5] Lokalt er han regionalt utdøydd (RE) i England (sist funne i 1994),[6] men livskraftig (LC) i Skottland.[7] Arten vart oppdaga i Wales i 2019.[5] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015.[8] På den irske raudlista har han status som nær truga (NT),[9] og det er laga ein eigen aksjonsplan for arten.[10]
I 2014 dukka arten (nederlandsk namn groene schroeforchis) opp i Nederland aust for Breda, det første funnet av arten på det europeiske fastlandet. Han dukka òg opp att året etter.[1][3]