Eritrea har ni etniske grupper. Kvar av desse har sitt eige språk: Afar, arabisk (som blir snakka av rashaida-folket), bejae (blir snakka av hedareb-folket), bilen, kunama, nara, saho, tigré og tigrinja.
Dei offisielle språka i Eritrea er tigrinja og arabisk. Engelsk og italiensk vert forståtte av einskilde segment av folkesetnaden og òg talast spesielt av personar busett i hovudstaden Asmara. Tigrinja og arabisk var dei offisielle språka mellom 1952 og 1956, og dei held fram med å vere dei viktigaste språka, tigrinja blant kristne og arabisk blant muslimane. EPLF publiserte ein stor engelsk-tigrinja-arabisk ordbok i 1985, deretter kom det ei tigrinja-engelsk i 1986.
Som ein del av eit gradvis opphøyr av eritreisk autonomi og eit strengare etiopiske styre i åra etter 1947 vart amharisk det offisielle språket i 1956. I dag blir amharisk hovudsakleg snakka av menneske av eritreisk opphav som vart tvinga frå heimane sine i Etiopia.
Eritreiske styresmakter har vedteke ein politikk som gjer at grunnskuleundervising bør vere tilgjengeleg på eleven sitt morsmål. Dei fleste muslimar vel arabisk som opplæringsspråk.
Dei nilotiske språka tilhøyrer den nilo-saharariske språkfamilien, medan dei kusjittiske og semittiske språka tilhøyrer den den afro-asiatiske språkfamilien.