Yaqui Yoem Noki (azc) | ||
Klassifisering | uto-aztekisk Taracahittisk Cáhita | |
Bruk | ||
Yaquitalande i alt | 12 230 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | yaq |
Yaqui eller hiaki er eit uto-aztekisk språk som blir snakka i Sonora i Mexico og Arizona i USA, grenseområda mellom Mexico og USA. Yaqui har til saman rundt 12 230 talarar, 11 800 av dei i Mexico.[1]
Yaqui blir skrive med ulik ortografi i USA og Mexico. Vokalane er representert på same måte i dei to ortografiane, yaqui har dei same fem vokalane som spansk (a, e, i, o, u), og dei blir skrive på same måte. Vokalane kan vere kort eller lang, vokallengd er markert med dobbelskriving av vokalane.
Yaqui har konsonantane b, ch, (d), (f), (g), h, k, l, m, n, p, r, s, t, v, w, y, og ein eller to glottal plosiv. Lydane d, f, g finst berre i lånord.
Yaqui har kasus, akkusativ har suffikset -t (evt. -a for stammar på -t). Fleirtalsendinga er -im for konsonantstammar og -m for vokalstammar.
Adjektiv har mykje til felles med verb, dei blir t.d. bøygd i tempus.
Yaqui er eit SOV-språk.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |