Spyssøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Bømlafjorden |
Koordinatar | 59°43′46″N 05°22′14″E / 59.72944°N 5.37056°E
|
Høgaste punkt | 68 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Spyssøya, Spissøy eller Spyssøy er ei øy som ligg nordaust for Moster, mellom Sagvågsfjorden i nord og Bømlafjorden i sør. Øya høyrer til Bømlo kommune. Spyssøya vart i 2001 knytt til Bømlo med Spissøybrua over Gassasundet og til fastlandet med Trekantsambandet.
Spyssøya hadde på 1950-talet 70-80 fastbuande. Før trekantsambandet vart bygd, var det berre fire att, men no har talet teke til å stiga att.