Standing Stone av Paul McCartney

Standing Stone
Studioalbum av Paul McCartney
Språk engelsk
Utgjeve 25. september 1997 (USA)
29. september 1997 (Storbritannia)
Innspelt 30. april – 2. mai 1997
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 74:46
Selskap EMI Classics
Produsent John Fraser
Paul McCartney-kronologi 
Flaming Pie
(1997)
Standing Stone Rushes
(1998)
Paul McCartney sin klassisk album-kronologi
Paul McCartney's Liverpool Oratorio
(1991)
Standing Stone Working Classical
(1999)


Standing Stone er det andre albumet til Paul McCartney med original klassisk musikk (etter Liverpool Oratorio i 1991) og det kom ut kort tid etter Flaming Pie i 1997. Musikken hadde verdspremiere i Royal Albert Hall den 14. oktober 1997.[1]

Etter Paul McCartney's Liverpool Oratorio i 1991, var Standing Stone basert på eit langt dikt McCartney skreiv[1] og vart framført av London Symphony Orchestra med Lawrence Foster som dirigent i EMI sitt Abbey Road Studios. I motsetna til Liverpool Oratorio var ikkje dette prosjektet ei operaframføring av ei soge, men instrumentalmusikk, sjølv om det vert nytta eit kor.

Biletet på plateomslaget er eit av mange foto teken av Linda McCartney seint i 1969 og tidleg i 1970 og som først var å sjå på innsida av omslaget til debutalbumet til McCartney, McCartney. Dette prosjektet var det siste McCartney gav ut før Linda døydde av brystkreft den 17. april 1998.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [2]
Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[3]
MusicHound2.5/5 stars[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[5]

Albumet kom ut 25. september 1997 i USA,[1] og den 29. september i Storbritannia,[6] og toppa dei klassiske musikklistene. I USA nådde albumet òg 194. plassen på poplista.

All musikk av Paul McCartney.


Movement I – After heavy light years
Nr.TittelLengd
1.«Fire/Rain Allegro energico»4:30
2.«Cell Growth Semplice»8:30
3.«Human' Theme Maestoso»3:36
Movement II – He awoke startled
Nr.TittelLengd
4.«Meditation Contemplativo»3:57
5.«Crystal Ship Con moto scherzando»2:02
6.«Sea Voyage Pulsating, with cool jazz feel»3:39
7.«Lost at Sea Sognando»4:37
8.«Release Allegro con spirito»1:54
Movement III – Subtle colours merged soft contours
Nr.TittelLengd
9.«Safe Haven/Standing Stone Pastorale con moto»4:11
10.«Peaceful Moment Andante tranquillo»2:09
11.«Messenger Energico»3:35
12.«Lament Lamentoso»2:26
13.«Trance Misterioso»5:32
14.«Eclipse Eroico»4:57
Movement IV – Strings pluck, horns blow, drums beat
Nr.TittelLengd
15.«Glory Tales Trionfale»2:40
16.«Fugal Celebration L'istesso tempo. Fresco»4:25
17.«Rustic Dance Rustico»2:00
18.«Love Duet Andante intimo»3:43
19.«Celebration Andante»6:15
  1. 1,0 1,1 1,2 White, Timothy (27. september 1997). «Paul: 'Standing' in the Shadow of Love». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). 
  2. Tilland, William. Standing Stone av Paul McCartneyAllmusic
  3. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
  5. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 4. juli 2014. Henta 22. mai 2018. 
  6. Calkin, Graham. «Standing Stone». Jpgr.co.uk. Henta 25. februar 2013.