Thomas Fasting (fødd 25. februar1769 på Lista, død 21. november1841 i Christiania)[1] var ein norsk sjøoffiser og statsråd. Han var leiar av sjøforsvaret våren 1814, statsråd utan portefølje 13. oktober til 4. november same år, medlem av statsrådavdelinga i Stockholm i sju periodar mellom 1817–1836, og minister for sjøforsvaret i åtte periodar mellom 1815–1839, i tillegg leiar for departementet for hæren i 1828–30 og 1832–33.[1][2]
Før han starta sin politiske løpebane hadde han vore knytt til den danske marinen i 25 år, mellom anna som sjef på orlogsfartøyet «Ærøe» i Dansk Vestindia. Han hadde også vore deltakar under slaget på reden i København i 1801.[1]
13. oktober 1814 supplert inn i statsrådet etter at Christian Frederik hadde lagt ned krona; utan portefølje; tredde attende 4. november etter kongevalet[3]