Stein Ørnhøi

Stein Ørnhøi
Fødd15. november 1935 (89 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti, Sosialistisk Folkeparti
Yrkepolitikar, TV-regissør, TV-produsent, pedagog, teatersjef, organisasjonsleder, faglitterær forfattar, konduktør
Utdanna vedForsvarets høyskole sjefskurs
MedlemNei til EU
Alle verv

Stein Ørnhøi (fødd 15. november 1935 i Trondheim) er ein norsk politikar for SV. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1977 og på ny i 1981.

Ørnhøi er utdanna frå Levanger lærarskule (1958), tok handelsskuleeksamen i 1959 og gjekk i 1982 sjefskurs ved Forsvarets Høgskule. Han var lærar i Oslo og Tune frå 1956 til 1963.

Frå 1961 til 1963 var han produsent for fleire barneprogram for TV og vart tilsett som produksjonssekretær i NRK frå 1963 til 1965. I åra frå 1965-1973 og 1975-1977 var han programsekretær i NRK. Etter nokre år som stortingspolitikar har han så vore frilansar i NRK frå 1985 til 1992. I 1994-1995 var han teatersjef ved Teater Ibsen.

Ørnhøi var nestleiar i Nei til EF i perioden 1992–1993 og leiar i Nei til EU frå 1995 til 1997. Han var i fleire år politisk ekspert og kommentator i både NRK og seinare i TV2.

Ørnhøi hadde tillitsverv i SF/SV frå 1961 til 1987.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]