Steve Ripley | |||
| |||
Fødd | 1. januar 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Boise | ||
Død | 3. januar 2019 (69 år) | ||
Dødsstad | Oklahoma | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | country | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | musikar, songar, gitarist, musikkprodusent, musikkinstrumentmaker, komponist |
Paul Steven Ripley (fødd 1. januar 1950 i Boise i Idaho i USA)[1] er ein USA-amerikansk plateartist, produsent, låtskrivar, lydteknikar, gitarist og oppfinar. Han har vore aktiv i musikkindustrien sidan 1977. Han er òg leiar i countryrockbandet The Tractors.
Som produsent, lydteknikar og studiomusikar har han arbeidd med Bob Dylan, J.J. Cale (på Shades, 8 og Roll On), og han produserte Clarence «Gatemouth» Brown og Roy Clark (på Makin' Music) og Johnnie Lee Wills (på Reunion).[2] Bob Dylan har omtalt Ripley som ein av favorittgitaristane hans.[3]