Stig Holmås | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. februar 1946 (78 år) Bergen |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, lyrikar, bibliotekar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Tove Jensen Holmås |
Stig Holmås på Commons |
Stig Holmås (fødd 25. februar 1946 i Bergen) er ein norsk bibliotekar og forfattar.
Holmås tok til som lyrikar og debuterte i antologien Åtte fra Bergen (1969). Den fyrste diktsamlinga han sjølv gav ut, var Vi er mange (1970). Her og i dei to neste diktsamlingane Tenke på i morgen (1972) og Nok å ta seg til (1972) skreiv han både kjærleiksdikt og politiske dikt. Den fyrste prosaboka hans var Mannen fra Nicaragua (1979), ei novellesamling.
I seinare år har han også skrive romanar, både for born og ungdom og for vaksne. Temaa han har behandla i bøkene sine, er indianarsamfunnet og Bergen i etterkrigstida, med meir.
I 1982 mottok han Kulturdepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur for Vinterhauk og ildvannet, den første i ein serie lettleste ungdomsbøker om Apasje-indianarane si historie og kultur. I 1985 mottok han litteraturprisen for Tordensønnen. [1] I 1990 vann han Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for Apacheindianerne.
Stig Holmås er far til SV-politikaren Heikki Holmås.