Stor-Nederland (nederlandsk Groot-Nederland eller Grootneerlandisme) er eit politisk ønske frå enkelte innbyggjarar i Nederland og Flandern om ei samling av desse områda under ein stat.
Ideologien baserer seg på at nederlendingane flamlendingane, dei nederlandsktalande belgiarane, har felles historie, kultur og språk. Argumenta som har vorte nytta for ei slik samling er at det vil føre til ei mektigare politisk og økonomisk blokk, og at at ein eittspråkleg stat vil vere meir effektiv og mindre byråkratisk. Ein unionen med Flandern har derimot ikkje vore ei politisk sak i Nederland.[1]