Storsnøstjerne | |
Storsnøstjerne | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko | |
Systematikk | |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Scilloideae |
Slekt: | Snøstjerneslekta Scilla |
Art: | Storsnøstjerne S. luciliae |
Vitskapleg namn | |
Scilla luciliae |
Storsnøstjerne (Scilla luciliae) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia.[2] Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. luciliae.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1994. Arten er i rask auke og veks talrike stader i kyststrøk og låglandet til Troms.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potesielt høg risiko (PH).[3]
Det er gjort funn av hybridar med snøstjerne (S. forbesii × S. luciliae) frå Oslo til Drammen. Denne finst truleg mange fleire stader.[2]