Storsølnkletten | |||
fjell | |||
Storsølnkletten (venstre) sett frå nord
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Alvdal (Innlandet) | ||
Høgd | 1 827 moh. | ||
Primærfaktor | 1 050 m | ||
Koordinatar | 61°58′48″N 010°17′32″E / 61.98000°N 10.29222°E | ||
Storsølnkletten 61°58′48″N 10°17′32″E / 61.98°N 10.292222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Storsølnkletten |
Storsølnkletten (òg kalla Store Sølnkletten og Sølnkletten) er eit fjell i Alvdal kommune i Innlandet, drygt 20 km sørvest for Alvdal sentrum. Toppen er 1827 moh. og er det høgaste punktet i Alvdal. Fjellet har ei lett gjenkjenneleg sadelform, og ein kan sjå fjellet frå store delar av Nord-Austerdalen. Den lågare toppen, nordvest for hovudtoppen, ligg 1690 moh.
Fjellet er omgjeve av lett turterreng, men det tar ein heil dag å nå begge toppane. Ruta er godt merkt. Det er parti der ein må klyve litt, men det er lite og krev ikkje noko utstyr.
Fjellet ligg sør-søraust for Veslsølnkletten (1454 moh.).