Strumble Head (walisisk Pencaer) er eit nes nord i Pembrokeshire i Wales.
Strumble Head fyr står på neset og Strumble VOR, ein del av ruta til mange flyruter over Atlanteren.[1]
Det er mykje kval utanfor Strumble Head, særleg niser. Det vert ofte organisert turar for å sjå etter kval i området.[2] Det finst òg mykje sel nedanfor fyret.
Eit par hundre meter ut i sjøen ligg to små øyar, Ynys Onnen og Carreg Onnen. Eit fransk skipsvrak, kanskje frå den siste invasjonen av Storbritannia, vart funne i nærleiken i 2003.[3]