Stuck in the Middle with You Singel av Stealers Wheel frå albumet Stealers Wheel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | Apple Studio, London | |
Sjanger | Folkrock, countryrock, softrock[1] | |
Lengd | 3:23 | |
Selskap | Lemon Recordings A&M Records | |
Komponist | Joe Egan, Gerry Rafferty | |
Tekstforfattar | Joe Egan | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Rafferty, Joe Egan | |
---|---|---|
Produsent | Jerry Leiber og Mike Stoller |
«Stuck in the Middle with You»[2][3][4] (stundom kalla «Stuck in the Middle»[5]) er ein song skriven av Gerry Rafferty og Joe Egan og opphavleg framført av bandet deira Stealers Wheel. Songen vart inspirert av eit møte mellom plateselskapet og produsentane på ein restaurant, der dei diskuterte framtida til bandet, med Rafferty og Egan i midten.
«Stuck in the Middle» vart gjeven ut på albumet Stealers Wheel i 1972.[6] Gerry Rafferty song solovokal, medan Joe Egan song harmoni. Songen vart opphavleg skriven som ein parodi av Bob Dylan sin særeigne tekststil og paranoia. Bandet var overraska over kor bra singelen gjorde det.[7] Singelen selde over ein million kopiar og nådde til slutt sjetteplassen på singellista i USA i 1973, og åttandeplassen i Storbritannia. Songen var produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller.[8]
Songen vart nytta av Quentin Tarantino i debutfilmen hans Reservoir Dogs frå 1992, i ein scene der karakteren Mr. Blonde (spelt av Michael Madsen) håner og torturerer ein fastbunden politimann, medan han syng og dansar til songen.[9] I eit intervju med Rolling Stone sa Tarantino
«Det var ein av dei tingene der eg meinte [songen] ville passe verkeleg bra og under prøvespelinga, sa eg til skodespelarane at eg ønskte at dei skulle gjere ein tortureringsscene og at eg skulle bruke 'Stuck in the Middle With You,' men dei kunne velje ein annan song om dei ønskte. Og eit par kom inn med ein annan song, men nesten alle kom inn med 'Stuck in the Middle With You,' og dei sa at dei prøvde å kome på andre songar, men dette var den som fungerte. Den første gongen nokon faktisk gjorde ein tortureringsscene til den songen, og fyren gjorde det ikkje ein gong bra, tenkte 'Å herregud, dette kjem til å bli fantastisk!'»[10]