Studio Tan Studioalbum av Frank Zappa | ||
Utgjeve | september 15, 1978 | |
Innspelt | 1969, 1974 – 1976 ved The Record Plant, LA; Royce Hall, UCLA og Caribou Studios i Nederland, Colorado | |
Sjanger | Eksperimentell rock, jazzfusion, progressiv rock | |
Lengd | 39:18 | |
Selskap | DiscReet | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Zappa in New York (1978) |
Studio Tan | Sleep Dirt (1979)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Studio Tan er eit studioalbum av Frank Zappa, først gjeve ut i september 1978 på hans eige DiscReet Records. Det nådde 147. album på Billboard 200.
Tidleg i 1976 enda forholdet til Zappa med manager og forretningspartner Herb Cohen i ein rettstvist. Selskapet til Zappa og Cohen, DiscReet Records, vart distribuert av Warner Bros. Records. Då Zappa bad om å få kome overføre kontrakten sin frå DiscReet til Warner for å gjere spesielle prosjekt utan at Cohen var involvert, gjekk Warner først med på dette. Dette førte til utgjevinga av Zoot Allures i 1976 på Warner. Tidleg i 1977 leverte Zappa masterlydbanda til eit firedobbelt album kalla Läther.[2] Men Warner endra stillinga si etter søksmål frå Cohen, og nekta å gje ut albumet, og hevd at Zappa i følgje kontrakten var nøydd til å gje ut fire album til for Warner på slekspaet DiscReet.[3]
Etter Warner Bros. gav ut Zappa In New York, fortalte dei han at han framleis skulda dei fire album til. Han prøvde å få til ein distribusjonsavtale med Phonogram om å gje ut Läther på det nye selskapet Zappa Records. Dette førte til at Warner truga med søksmål, og hindra utgjevinga av Läther og tvang Zappa til å skrinlegge prosjektet. Sidan Zappa berre hadde levert lydbanda, vart tre individuelle album gjeve ut utan musikalske tilskrivingar.[4] Warner fekk òg Gary Panter til å laga omslag, som ikkje var godkjend av Zappa. Då albumet først kom ut på CD i 1991 valde Zappa å gje dei ut som individuelle album, med Panter sine omslag. Songane på Studio Tan vart gjeven ut i andre versjonar då Läther omsider kom ut i 1996.
Dei fire spora var opphavleg meint for det skrinlagde albumet Läther.
Eit utdrag av ein uutgjeven alternativ versjon av «Revised Music for Guitar and Low-Budget Orchestra» finst på samlealbum The Guitar World According to Frank Zappa frå 1987, med nye trommespor av Chad Wackerman.
Alle spor skrivne av Frank Zappa
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Greggery Peccary» (Oppført som «The Adventures of Greggery Peccary» på CD-versjonen) | 20:40 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Let Me Take You to the Beach» (Oppført so «Lemme Take You to the Beach» på CD-versjonen) | 2:44 |
2. | «Revised Music for Guitar & Low-Budget Orchestra» | 7:36 |
3. | «REDUNZL» (Oppført som «RDNZL» på CD-versjonen) | 8:12 |
Album - Billboard (Nord-Amerika)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1978 | Pop Album | 147[5] |