Stångån | |||
elv | |||
Stångån i Linköping
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 440 km² | ||
Lengd | 185 km | ||
Stångån 57°54′13″N 15°46′56″E / 57.90349°N 15.7823°E | |||
Kart som viser Stångån.
| |||
Wikimedia Commons: Stångån |
Stångån er ei stor å i dei svenske landskapa Småland og Östergötland. Elva byrjar i nærleiken av Vimmerby og renn nordover opp til innsjøen Roxen nær Linköping. På vegen dit renn ho gjennom innsjøsystemet i Kinda, og frå der følgjer ho Kinda kanal og renn i hop med Göta kanal i Roxen. Frå Roxen renn vatnet frå Stångån vidare til Austersjøen i Motala ström.