Landsbyen er nemnd som Sulem på 300-talet evt., som Onomasticon av Eusebius og av Jerome, og begge desse skriv at han ligg 5 romerske mil frå Tabor.[5] Landsbyen vart av krossfararane (1100-talet) kalla Suna.[6]
Under osmansk styre var Sulam oppført i osmanske skattelister frå 1596 som ein del av Jininnahiya i Lajjunliwa. Han hadde eit folketal på 26 muslimske familiar.[7]Edward Robinson og Eli Smith, som vitja landsbyen midt på 1800-talet, skildra han som «liten og skitten» og innbyggjarane som «siviliserte og venlege.»[5]
The Survey of Western Palestine (1881) skildra Sulam som «ein stor landsby i fjellsida nær foten av Jebel ed Duhy.» Dei skreiv vidare at delar av landsbyen var bygde av stein, og at det i vest låg skuggefulle hagar med sitrontre. Ei fleirårig kjelde i vest gav vatn til cisterner slik at landsbyen hadde god tilgang til ferskvatn.[6]
Under Palestinamandatet og folketeljinga i 1931 var det 85 busette hus i Sulam med eit folketal på 328 muslimar.[8]
Det er gjort mange arkeologiske utgravingar i og rundt landsbyen med funn frå dei tidlegare periodane.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.
↑Yoram Tsafrir, Leah Di Segni and Judith Green (1994). Tabula Imperii romerski: Judea, Palaestina. Jerusalem: Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 236.