Surf's Up Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. august 1971 | |
Innspelt | januar til juni, bortsett frå «Take a Load Off Your Feet»: Seint 1969, «Til I Die»: starta i midten av 1970, «Surf's Up»: akkompagnement innspelg i november 1966. | |
Sjanger | Rock, bluesrock, kunstrock, sunshine pop | |
Lengd | 33:56 | |
Selskap | Brother/Reprise | |
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Sunflower (1970) |
Surf's Up | Carl and the Passions - "So Tough" (1972) |
Singlar frå Surf's Up | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B–[2] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
MusicHound Rock | 4/5[4] |
Pitchfork | 8.9/10[5] |
Rolling Stone | [6] |
The Rolling Stone Album Guide | [7] |
Surf's Up er eit studioalbum av The Beach Boys basert på songen med same namn av Brian Wilson og Van Dyke Parks frå det skrinlagde Beach Boys-prosjektet Smile. Songen vart omarbeidd og nytta som tittelspor på det fjortande studioalbumet deira frå 1971. Smile, med originalutgåva av «Surf's Up», vart omsider gjort ferdig og gjeve ut av Brian Wilson og bandet hans i 2004.
Hausten 1970, etter det kommersielt mislukka albumet Sunflower, tilsette The Beach Boys Jack Rieley som manageren deira. Rieley, ein DJ, hadde imponert bandet på falskt grunnlag (han påstod han var ein prisvinnande byråsjef i NBC i Puerto Rico) og hadde idear om korleis bandet skulle få tilbake respekten hos både tilhengjarane og kritikarane. Det første initiativet hans var å insistere på at Carl Wilson tok den musikalske sjefsrolla, som han i røynda hadde hatt sidan 1967. I tillegg kravde han at Brian Wilson sjølv gjorde ferdig «Surf's Up» slik at dei kunne gje han ut. Songen hadde fått mytiske proporsjonar i undergrunnspressa etter at Smile vart lagt på hylla tre år tidlegare. Han fekk òg i stand ein gjesteopptreden på ein Grateful Dead-konsert i april 1971.
I følgje Riely i 1996 hadde bandet delt seg i to leirar. Wilson-brørne som no var i kunstnarisk tilbakegang med narkotikaproblem, og dei kommersielt retta Mike Love, Al Jardine og Bruce Johnston som var totalavholdsfolk. I følgje Riely måtte bandet slå leiarane saman igjen om dei skulle nå høgdene dei hadde på midten av 60-talet. For å klare dette gav han nærast ordre til Jardine om å stoppe arbeidet på songen «Loop de Loop» i lag med Bruce Wilson, som Jardine meinte ville føre bandet til dei gamle kommersielle høgdene.
Brian Wilson nekta først å delta på songen «Surf's Up», så Carl Wilson la vokal på eit akkompagnement til songen frå 1966. Mot slutten av innspelinga dukka likevel Brian Wilson opp for å hjelpe brørne med å gjere songen ferdig.
Albumet inneheld òg «'Til I Die». Ein grublande song som Mike Love meinte var for deprimerande og ikkje passande for bandet. Wilson brukte fleire veker på å arrangere songen med harmonidriven vokal, vibrafon og orgel.
«Long Promised Road» og «Feel Flows» var dei første skikkelege songane til Carl Wilson og begge var nesten berre spelt inn av han aleine. I følgje medlåtskrivar Riely var den jazzaktige «Feel Flows» inspirert av kokainmisbruket deira. «A Day in the Life of a Tree» var den einaste nye Brian Wilson-songen på albumet. Bruce Johnston sin «Disney Girls (1957)» vart hylla som eit meisterverk av Brian Wilson og har vorte spelt av Art Garfunkel og Mama Cass Elliot.
Surf's Up kom ut i august til meir offentleg forventning enn The Beach Boys hadde fått på fleire år. Albumet gjorde det betre enn Sunflower og nådde 29. plass i USA og 15. plass i Storbritannia.
Surf's Up finst i dag på CD i lag med Sunflower.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Don't Go Near the Water» (Mike Love/Al Jardine) | Mike Love og Al Jardine | 2:39 |
2. | «Long Promised Road» (Carl Wilson/Jack Rieley) | Carl Wilson | 3:30 |
3. | «Take a Load Off Your Feet» (Al Jardine/Brian Wilson/Gary Winfrey) | Al Jardine og Brian Wilson | 2:29 |
4. | «Disney Girls (1957)» (Bruce Johnston) | Bruce Johnston | 4:07 |
5. | «Student Demonstration Time» (Jerry Leiber/Mike Stoller/Mike Love) | Mike Love | 3:58 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Feel Flows» (Carl Wilson/Jack Rieley) | Carl Wilson | 4:44 |
7. | «Lookin' at Tomorrow (A Welfare Song)» (Al Jardine/Gary Winfrey) | Al Jardine | 1:55 |
8. | «A Day in the Life of a Tree» (Brian Wilson/Jack Rieley) | Mike Love | 3:07 |
9. | «'Til I Die» (Brian Wilson) | Brian Wilson, Carl Wilson og Mike Love | 2:41 |
10. | «Surf's Up» (Brian Wilson/Van Dyke Parks) | Carl Wilson og Brian Wilson | 2:08 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1971 | UK Top 40 Album Chart | 15 |
1971 | US Billboard 200 Albums Chart | 29[8] |
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1971 | «Long Promised Road» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 89[8] |