Svorkmo

Svorkmo
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Orkland
Areal 0,26 km²
Folketal 292  (2023)
Folketettleik 1 123 / km²
Postnummer 7327 SVORKMO
Preposisjon Svorkmo
Kart
Svorkmo
63°10′07″N 9°44′28″E / 63.168611°N 9.741111°E / 63.168611; 9.741111

Svorkmo er ein tettstad i Orkladalen i Orkland kommune i Trøndelag fylke. Staden har 292 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Svorkmo ligg ved Orkla, kring to mils køyring sørom sentrum i kommunesenteret Orkanger. Staden ligg på begge sidene av Orkla og Riksveg 700 kryssar elva der. Museumsjarnbanen Thamshavnbanen går gjennom staden og har ein stoppeplass der.

Orkland kyrkje ligg to km nordom Svorkmo.