Sweet Seasons Singel av Carole King frå albumet Music | ||
B-side |
Pocket Money | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1972 | |
Sjanger | Folkrock, softrock, blue-eyed soul | |
Lengd | 3:14 | |
Selskap | Ode Records A&M Records Sony/BMG | |
Låtskrivar(ar) | Toni Stern, Carole King | |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
«So Far Away» (1971) |
Sweet Seasons | «Been to Canaan» (1972)
|
«Sweet Seasons» er ein song skriven av Carole King og Toni Stern og gjeven ut av King i 1971 på albumet Music. Han var den einaste singelen frå albumet som gjekk inn på singellista og det var den andre av fire topp 10-hittar for ho i USA.
E! News-reporteren Josh Grossberg skildra songen som ein av dei største hittane til King.[1] Cash Box skildra han som ein «piano pumper-thumper» som er «lys og luftig».[2]
Musikologen James Perone skildra teksten til Stern som mindre personleg enn tekstane Stern og King skreiv for songar på det tidlegare albumet til King, Tapestry.[3] Det er likevel ei linje som Perone ser på som personleg, når King syng om å få barn og bygga eit liv på landet.[3] Perone føler at denne linja refererer til Kings døtrer og flyttinga hennar til Idaho.[3] I følgje New Jersey Star-Ledger-reporteren Tris McCall, framstiller teksten songaren på ein måte som King ofte framstiller hovudpersonane i songane hennar, som «skapre og bedårande, men òg vanskelege og refleksivt sjølvaktuelle».[4]
Perone skildra songen som 'Top 40, pop-orientert', men høyrer òg element i arrangementet som føregrip stilen til Steely Dan så vel som Rickie Lee Jones sitt hornarrangement i «Chuck E.'s in Love».[3] Perone vurderer songen som «ein ideell AM-radio, topp-40 poplåt ... som står seg like godt som nokon av Carole Kings hitkomposisjoner».[3] Men Tim Crouse frå Rolling Stone skildra songen som eit skuffande søppel.[5] Skodespelarinna Jessie Mueller, som portretterte King i Broadway-musikalen Beautiful: The Carole King Musical, ser på «Sweet Seasons» som ein av favorittane hennar av King.[6]
Henta frå The Words and Music of Carole King.3
«Sweet Seasons» nådde niandeplassen i USA og 12. plassen i Canada. Det var òg ein Adult Contemporary-hit i begge landa og nådde høvesvis andreplassen og 21. plassen. Songen var òg populær i Tyskland, særleg blant yngre folk.[7]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
«Sweet Seasons» har blitt spelt av mange andre musikarar, som The Isley Brothers (1972), Francis Yip (1973) og Micky Dolenz (2010).[17]