Sweetheart Like You av Bob Dylan frå albumet Infidels | ||
B-side |
«Union Sundown» | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1983 | |
Innspelt | 18. april 1983 Power Station i New York City | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:31 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Mark Knopfler Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«I and I» (1983) |
Sweetheart Like You | «Jokerman» (1984)
|
«Sweetheart Like You» er ein song av Bob Dylan som kom ut i 1983 på albumet Infidels.[1][2] Songen vart spelt inn 18. april 1983[3] og kom ut på singel i desember 1983 med «Union Sundown» som B-side.[4]
«Sweetheart Like You» nådde 55. plassen på Billboard Hot 100 den 28. januar 1984, og låg på lista i totalt ni veker.[5] Songen gjekk òg inn på ARIA-lista i Australia, der han nådde 74. plassen.
Det vart laga musikkvideo til songen med Steve Ripley og Carla Olson.[6] Fram til no (2018) har Dylan aldri spelt songen på konsert.[1][7]
I tillegg til Dylan spelar Mark Knopfler og Mick Taylor gitar på songen, Alan Clark spelar klaverinstrument, Robbie Shakespeare er på bass og Sly Dunbar spelar trommer.[3]
Rolling Stone rangerte songen på 75. plassen på lista si over dei 100 beste Bob Dylan-songane,[8] og kåra songen til ein av dei beste songane hans frå 1980-åra.[9] Dei omtalte songen som «den typen kjærleikssong som berre Bob Dylan kan skrive».[7]
Songen fekk kritikk for tekstlinja «a woman like you should be at home/That's where you belong»[7] («ei kvinne som deg skulle vore heime/Det er der du høyrer til») I samanheng med resten av teksten er det klart at det er ei kvinne som går på gata og som Dylan syng heller burde vere heime.[10]
Craig Finn frå The Hold Steady spelte inn songen på hyllestalbumet Bob Dylan in the 80s: Volume One.[11] Songen er òg blitt spelt av artistar som Rod Stewart, på albumetA Spanner in the Works.[12] Songen er med i skodespelet Girl from the North Country.[13]