Synnøve Anker Aurdal

Synnøve Anker Aurdal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1908
Oslo
Død

2. april 2000 (91 år)
Oslo

Yrke tekstilkunstnar
Ektefelle Leon Aurdal, Ludvig Eikaas
Born Siri Aurdal
Synnøve Anker Aurdal på Commons

Synnøve Anker Aurdal (8. desember 19082. april 2000) var ein norsk tekstilkunstnar, kjend som ein fornyar av kunstforma. Ho var både fødd og døydde i Oslo.[1]

Synnøve Anker utdanna seg på 1930-talet ved Prestgards vevskule på Lillehammer, og deretter ved Statens Kvinnelige Industriskole i Oslo. Ho heldt si fyrste utstilling hos Kunstnerforbundet i Oslo. Gjennom bruk av ulike materialar og teknikkar fornya ho tekstilhandverket, mellom anna tok ho i bruk modernistiske former. Mellom hennar fremste verk er Høyseteteppet frå 1961, eit bestillingsarbeid til Håkonshallen. Eit kjent verk frå seinare tid er Rommet og ordene frå 1977, det er utstilt i det islandske nasjonalbiblioteket i Reykjavik.[1]

Frå 1983 hadde Aurdal årleg kunstnarløn frå den norske staten. Ho fekk Norsk Kulturråds ærespris i 1991. Ho var elles riddar av St. Olav, og mottok Prins Eugen-medaljen.[1]

Ho var fyrst gift med målaren Leon Aurdal, seinare med Ludvig Eikaas.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Danbolt, Hjørdis (18. juni 2024). «Synnøve Anker Aurdal». Norsk biografisk leksikon (på norsk).