TV Eye Live 1977 Konsertalbum av Iggy Pop | ||
Utgjeve | mai 1978 | |
Innspelt | 21.-22. mars, 26. oktober 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 36:01 | |
Selskap | RCA | |
Produsent | Iggy Pop, David Bowie | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Iggy Pop-kronologi | ||
Lust For Life (1977) |
TV Eye Live 1977 | New Values (1979)
|
TV Eye Live 1977 eller berre TV Eye er eit konsertalbum av Iggy Pop som kom ut i 1978. Iggy tok imot eit forskot på $90 000 frå RCA Records for å gjere ferdig kontrakten sin med eit konsertalbum. I følgje allmusic.com vart albumet samla saman frå opptak frå miksepulten. Iggy Pop handsama dei i eit tysk studio, raskt og billig for kring $5 000. Albumet inneheld opptak frå konsertar i The Agora i Cleveland den 21. og 22. mars 1977; The Aragon i Chicago den 28. mars 1977 og The Uptown Theater i Kansas City den 26. oktober 1977.
Albumet er kjend for at David Bowie spelar tangentinstrument og syng korvokal for utvalde spor og for den heller knusande bass og trommelyden.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «T.V. Eye» | 4:24 |
2. | «Funtime» | 3:20 |
3. | «Sixteen» | 3:57 |
4. | «I Got A Right» | 4:29 |
5. | «Lust For Life» | 4:02 |
6. | «Dirt» | 5:20 |
7. | «Nightclubbing» | 6:16 |
8. | «I Wanna Be Your Dog» | 4:16 |