Tahay Lokalt namn Taghaigh | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 57°40′N 7°05′W / 57.67°N 7.09°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 0,53 km²
|
Høgaste punkt | 65 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Tahay (skotsk-gælisk Taghaigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå norrønt, tagg-øy. Øya har eit areal på 53 hektar og det høgaste punktet ligg 65 meter over havet. Ho er den største øya i ei gruppe nordaust for North Uist.
Øya vert nytta til beite for sau og for torvhausting.
I 1846 levde seks familiar på øya. Dei vart drivne bort frå Pabbay under Highland clearances for å gje rom til sauehald der. Sjølv om det ikkje var dyrkbar mark på øya, håpte dei å livnære seg av fiske. Dette viste seg å verte for hardt for dei, og i 1850-åra gav dei opp og flytte til Australia.[1]
Tahay er i dag eigd av dei skotske styresmaktene.