Tangshu

Tángshū
tradisjonell kinesisk 唐書, forenkla kinesisk 唐书, pinyin Tángshū
Forfattar(ar)Liu Xu
Språkwenyan
Sjangerjizhuanti, dynastic history
Utgjeven945

Tangshu, òg Eldre tangshu eller Boka om Tang, er eit kinesisk historieverk.

Tangshu er ei krønike over Tang-dynastiet skriven under leiing av Liu Xu på oppdrag frå general Shi Jingtang. Boka var ferdig i 945. Verket samlar informasjon frå ei mengd tidlegare skrifter som sidan er gått tapt. Blant desse monografane og biografane kan ein særleg trekka fram Tongdian av Du You.

Tangshu var ei av kjeldene for Xin Tangshu, Den nye Tangboka, som blei sett saman drygt 100 år seinare.

Verket består av 200 kapittel (skrivne i separate bokrullar) og er delt inn i tre delar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]