Tartit (tamasheq: «foreining») er ei tuareggruppe frå Timbuktu-regionen i Mali. Gruppa består av fem kvinner og fire menn som møttest i ein flyktningleir i Burkina Faso, der musikken var ein måte å overleve på konfrontert med dei økonomiske, sosiale og politiske problema i regionen.
Dei fleste av songane til Tartit har ein enkel oppbygnad. Dei kvinnelege medlemmane speler dei tradisjonelle instrumenta imzad-lutt og tinde-tromme, mens mennene speler tehardent-lutt og elektrisk gitar. I tillegg bidrar dei fleste med song og klapping. Resultatet er ein slags ørkenblues.
Tekstane deira gir uttrykk for håp, fred og livskraft.