Tell Me Why av Genesis Singel av Genesis frå albumet We Can't Dance | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 8. februar 1993 | |
Innspelt | 1991 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:58 | |
Selskap | Virgin | |
Komponist | Tony Banks | |
Tekstforfattar | Tony Banks | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, Nick Davis, Robert Colby (Live spor only) | |
Genesis-kronologi | ||
«Never a Time» (1992) |
Tell Me Why av Genesis | «Congo» (1997)
|
«Tell Me Why» er ein rockesong av det engelske bandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Han vart seinare gjeven ut som singel i Europa (november 1992) og Storbritannia (februar 1993). Det var den siste singelen til Genesis med Phil Collins på vokal.
Inntektene frå singelen vart donerte til bosniske Save the Children og Raude Krossen. Dette var i tråd med teksten i songen, som uttrykkte forakt for hykleriet kring mat og ly ("You say there's nothing you can do / Is there one rule for them and one for you?").
«Tell Me Why» vart gjeven ut som to forskjellige CD-singlar. Begge utgåvene kom i ein digipak med konsertversjonen av «Dreaming While You Sleep». Andre CD-versjonar av singelen inneheld fleire andre konsertopptak.
Liste (1992–1993) | Plassering |
---|---|
Australian Singles Chart[1] | 110 |
Den nederlandske singellista[2] | 37 |
Franske SNEP-lista[3] | 27 |
Den tyske singellista[4] | 51 |
UK Singles Chart[5] | 40 |